Hovedmeny
Hovedside
Om UiO
Sentre
Avdelinger
Hva skjer...
Linker
DTS
Gaver
Mot Målet

 

 


 

Familier på misjonstur

Hva skjer når tre norske familier besøker en sigøynerlandsby for å undervise om ekteskapet?

Etter tolv uker med teori undervisning på Ungdom i Oppdrag sitt kurs "Family Ministry School" (om familiearbeid og familier i tjeneste), dro tre familier til Bulgaria for å praktisere det de hadde lært. Les her utdrag fra reisebrevet til en av familiene:

Ein av tinga som har gjort stort inntrykk er besøk i ulike sigøynerlandsbyar. Ein plass kom vi inn i eit lite hus som fungerte som kirke. Her var enkle plankar spikra saman som benkar, og folk strøymde på. Vi sat omtrent oppå kvarandre. Så begynte sangen. Ein liten mann leda an, med ei handskreven sangbok og veldig tjukke briller. Ingen instrument. Alle sang av full hals på kvar sin tone, det var litt av eit kor. Vi sang med, på lalala.

Etterpå var det vår tur. Vi sang eit par norske sangar, og delte litt med dei. Dei sat som knyst med store auger. Så gjekk alle ungane ut og leika, mens vi skulle ha litt undervisning for dei voksne. Tema var "korleis pleie ekteskapet" Eg snakka om å bruke tid saman, utvikle vennskapet og elske barna ubetinga. Dei sat heile tida og rista på haudet og sukka. Litt forvirrande for oss som er vant til at det betyr nei. I Bulgaria betyr risting på haudet ja, og nikk er nei. Godt at vi visste det. Dei var som svampar. Det vi snakka om har dei aldri hørt noko om før, så ikkje rart dei hørte etter. Dei ville vi skulle komme tilbake og undervise barna der om å lyde foreldrene. Det kunne nok trengast, men det vart ikkje tid til det. Det var ei spesiell oppleving å vere der hos dei. Sigøynarane er fattige og må ta til takke med dei dårlegaste jobbane. Mykje slit og enkle kår. Glad for å kunne velsigne dei.

Vi hadde ei flott veke på familieleir der 20 familiar var samla. Vi bidrog med undervisning, barnesamlingar, morgonsamlingar bl.a. Veldig kjekt.

Vi har opplevd mykje, og er takknemlege til Gud for ei flott tid. Godt å gjere noko saman som familie, vi har ofte snakka i teamet om kvifor vi er i Bulgaria: for å fortelle om Jesus, og for å glede andre. Vi har gjort begge deler gjennom song, dans, drill, drama bl.a. Og ellers gjennom levd liv håpar vi. Det er uansett livet vårt som talar mest, meir enn ord og tonar. Vi var tre familiar saman på team, ein hærleg gjeng.

No skal vi heim til Ålesund. Håpar vi får bruke badekledene våre også der, etter at vi har rista ut sanden frå Svartehavet. Slava bogo!

Klem fra familien Boge







De ti siste i
Mot Målet
Startet på kne
Om å la nåden vokse opp
Fotograf med oppdrag
Prøv en profet
Bibelen- helt rå!
Om å spå fremtiden
Historien om mannen som skrev historie
Rocks'n Rivers- med hjerte for Nordland
I pakt med Skaperen og naturen
Single erindringer fra en eks-single